Head'a

Head'a

torsdag 14. juni 2012

Kreativ motefotografi - Teacher Edition

Eg og nokre andre mennesker i klassen min fekk oppgave av vår lærar å ta bilder av lærarar i moteklede. Dette blei resultatet.
https://vimeo.com/44041490

tirsdag 5. juni 2012

Kreativ motefotografi


Me fekk ei oppgåve på skulen der me skulle laga motefotografi. Eg personlig likte denne oppgava særst godt, for det gav oss ganske masse friheit om korleis me kunne utføre oppgava, sidan det er mange forskjellige måtar ein kan ta eit motebilde på. Eg tok inspirasjon frå Moods of Norway, og korleis dei moderniserer bondekulturen. Eg kan tenkje meg at eg tok eit steg tilbakast ved å være enda litt meir bondeleg med brune klede, og ikkje ha sprikande fargar.

På dette biletet så gjekk eg ned i huk for å være på samme linje som Sverre. Eg ville ha ein flott bakgrunn med masse natur, fjell og hav, men utan å ta hovedfokuset vekk ifrå Sverre. Eg tenkjer at eg tok inspirasjon ifrå forskjellige musikk magasin der eg har sett mange musikara eller sangarar som har tatt denne posisjonen. 

Det var dette bildet eg likte best, fordi det viser veldig godt kva han har på seg, i tillegg til den flotte naturen i bakgrunnen. Eg sat meg i huk slik at eg kom på samme høgde som han, og passa på at det ikkje blei for mykje luftavstand frå hodet hans til toppen av biletet. Eg passa på at bildet blei rett ved å stilja meg etter treet han lener seg på. 


Her ville eg at Sverre skulle være enda meir i fokus, ved å få han meir i midten av biletet. Eg stiljar han attmed eit tre for å få han til å virke mykje meir avslappa. 



Eg såg tidligare på dei forskjellige bildane av Jon Vidar som ligger på samme måte, og blei rett og slett inspirert av det, fordi eg syntest det var så stilig. 

Oppfølging av forrige bilde. 


Eg ba Sverre klatra opp i treet, og at han skulle improvisere litt. Eg tok ikkje bildet på høgkant, slik det kan sjå ut som. Eg roterte på bildet i etterkant fordi eg syntast det kunne sjå ut som om han satt på treet, istadenfor at han faktisk hang på det.

Her ville eg prøve noko nytt, og det var å lage ein trist stemning, ved å ha øydelagte blomar i henda på Sverre, og eit trist uttrykk. 

Her har eg igjen tatt inspirasjon frå musikkblad, og på dette bildet tenkte eg mest på plakatar som ofte promoterer program sånn som idol.

På alle bilda så har eg ikkje redigert noko som helst. Eg tenkte ikkje dette var nødvendig eigentleg, fordi det allereie var eit ganske fint lys på biletet. Derfor har eg og hatt veldig lav iso, slik at det ikkje blei så kornete.

Bildet eg redigerte for å bruka som Magazine Cover:
Her har eg tatt inspirasjon frå mange forskjellige Magazine Covers som eg fann på Google Images, ved å søke på Magazine Covers. På desse bildane, så er det veldig vanlig å skrive om noko som fangar interresene til menneska som går forbi, ved å skrive om noko som dei berre må vete om. Eg har vel tatt ein liten vri på dette, og laga ein slags parodi på heile konseptet deiras, ved å skrive foreksempel ''How to build your own house in 1463 steps''. Eg tok utgangspunktet i at eg ville laga eit magasin for bønder som ville være meir moderne.





tirsdag 21. februar 2012

Steve McCurry; Hot and Furry


Steve McCurry, mest kjent for fotografet Afghan Girl, er født 28 mars, 1950. Han er født i USA, i den lille byen Newton Square, i Pennsylvania. Han gjekk på Marple Newton High School i Delaware County, og gjekk vidare til å studere fotografi og filmlaging i Penn State University.

Han fekk interresse for fotografi når han byrja å ta bilde til ein lokal avis, The Daily Collegian. Hans karriere begynte når han kryssa grensa mellom Pakistan og Afghanistan for å ta fotografere konflikten der. For å komme seg inn i landet, måtte han kle seg i lokale klede, og når han hadde tatt bilda, måtte han sy inn filmrullane i klena hans slik at han fekk komme seg over grensa igjen. Dette beviser at fotografere lever ofte eit farligt liv. Det skumlaste han nokon gong har opplevd, var når han var i eit fly for å ta bilde. Piloten mista kontroll, og det var på håret at dei klarte å overleve. Men dette stopper ikkje ham i å ta bilder.
McCurry seier at han liker å vente med å ta eit bilete av nokon. Han seier at han driver å spøker litt med dei, er vennlig, slik at dei er avslappa, og er seg sjølve. Sånn får han ta bilder av deiras ekte ’’essens’’, og det ser ein lett på bilda hans. Han synast og det er viktig å ta bilder av krigssituasjoner og hungersnød, slik at fleire mennesker får veta om den situasjonen. Han pleide og å ta bilder med Kodachrome, noko som var veldig populært før, og har til og med laga eit eige album tilegna Kodachrome.

I dei fleste av bildane hans, når det er personer der, får han veldig godt fram augene. Han klarar og å få det til å sjå ut som at menneska ikkje er oppstilt på nokon som helst måte, sjølv om dei kanskje er det. Han var viktig i dokumenteringa av 9/11, og korleis det såg ut når dei var rasert. 

mandag 20. februar 2012



Kva er reportasje fotografi?

Ein reportasje er fakta om noko som har skjedd eller heller på å skje. Reportasjefotografi blir brukt i reportasjar for å gjere det meir interessant, og for å gje eit bilete av det som reportasjen handlar om.
Bilder av kvinner og menn som gråter etter døden til Kim Jong-Il. Reportasje
Bilde tatt idet flya kjørte inn i tvillingtårna. Reportasje

Kva er dokumentasjon?

Å dokumentere betyr eigentleg å leggje fram bevis. Det blir brukt til fakta, og for å  bevise at noko har skjedd. Eksempel på dokumentasjon er foto av kriminelle (mug shot), passbilde, eller bilder av mennesker som har det vondt. Dokumentasjon er bevis på at noko skjer, eller har skjedd, og blir brukt ofte for å lage blest rundt noko som ikkje så mykje omdiskutert. 


Bilde tatt av Steve McCurry, av ei dame som jobber med ein risåker i Asia. Ein dokumentasjon.
Bilde tatt av Steve McCurry, der mennesker kjem tilbakast etter innhøstning i Kashmir.

Kva er kunstuttrykk?

Med kunstuttrykk er det å bruke fotografi for å lage eit bestemt uttrykk, ved å bruke bildar. I likhet med vanleg kunst, kan kunstbilete være av kva søren det måtte passe deg, enten det er ein stein med ein elg oppå, eller Donald Duck som hopper på ein trampoline.  Bildet kan manipulerast med photoshop, utan at det er til noko skade for kunsten.

 Jimi Hendrix portrett laga av ein gammal kasett.

Portrett av Al Pacino, laga med salt.



søndag 19. februar 2012

Warhol Sjølvportrett




Andy Warhol, ein ledande figur i kunstformen ''Pop-art''. Han er rekna som ein av dei få som endra kunsten radikalt, forige århundre. Dette klarte han med bl.a Campbell's Tomato soup: << http://goo.gl/Sg8gf >> og biletet ovanfor, som er av Marilyn Monroe, som også var betydelig for sin rolle det 20. århundret. Me fekk i oppgåve å kopiere dette fantastiske biletet, og her er produktet:
Eg brukte i stor grad treshold, og laga forskjellige layers slik at eg fekk biletet slik eg ville ha da. Viss eg hadde tatt treshold på biletet heilskapeleg, ville detaljar som eg ville ha med blitt borte vekk.

Eg synast at det ligner ganske mykje, sjølv om den geniale og kontroversielle Andy Warhol har fått med fleire detaljar enn eg har fått med, desverre. Likevel, er eg forøgd med bilete.

tirsdag 17. januar 2012

Appropiasjons bilete

I trykk og foto klassen, fekk me eit appropiasjons oppgåve. Me skulle ta eit kunstverk, og gjenlaga da på den måten me sjølv ville.
Eg valde American Gothic, som er eit bilete laga av den Amerikanske Grant Wood. Dette bildet er eit av dei mest parodierte verka i Amerikansk kunst, frå 1900-tallet.














Eg tok to forskjellige bilete. Eit som var av Sverre og Mathias, der dei poserte som dama og mannen hennar, som på bildet American Gothic. Eg tok etterpå eit anna bilete av eit gamalt hus som ligna mest mogleg på huset i American Gothic. Så klippte eg og limte, endra fargane på biletet slik at det blei meir gammaldags, og så ordna eg eit fint damehår og viker til Sverre guten.

Fun Fact: Damehåret til Mathias stammer frå håret til dama på original bilete.

tirsdag 13. desember 2011

Blender og lukkertid; PART 2

Bilete av meg, full portrett med stor blender

Bilete med lang lukkertid. Noko som beveger seg, mens bakgrunnen står i ro.

Bilete i full portrett med lav blender. Har rediger på fargane, først berre fordi eg kunne, men bestemte meg for å ha det sånn sidan det var litt stilig.

Portrett med lav blender av Karoline.


Redigert bilete av Mathias, der eg frys ein bevegelse.
Originalbilete av Mathias.
Mathias med stor blenderåpning i snøstorm mens han et ein mandarinbåt.