Head'a

Head'a

tirsdag 21. februar 2012

Steve McCurry; Hot and Furry


Steve McCurry, mest kjent for fotografet Afghan Girl, er født 28 mars, 1950. Han er født i USA, i den lille byen Newton Square, i Pennsylvania. Han gjekk på Marple Newton High School i Delaware County, og gjekk vidare til å studere fotografi og filmlaging i Penn State University.

Han fekk interresse for fotografi når han byrja å ta bilde til ein lokal avis, The Daily Collegian. Hans karriere begynte når han kryssa grensa mellom Pakistan og Afghanistan for å ta fotografere konflikten der. For å komme seg inn i landet, måtte han kle seg i lokale klede, og når han hadde tatt bilda, måtte han sy inn filmrullane i klena hans slik at han fekk komme seg over grensa igjen. Dette beviser at fotografere lever ofte eit farligt liv. Det skumlaste han nokon gong har opplevd, var når han var i eit fly for å ta bilde. Piloten mista kontroll, og det var på håret at dei klarte å overleve. Men dette stopper ikkje ham i å ta bilder.
McCurry seier at han liker å vente med å ta eit bilete av nokon. Han seier at han driver å spøker litt med dei, er vennlig, slik at dei er avslappa, og er seg sjølve. Sånn får han ta bilder av deiras ekte ’’essens’’, og det ser ein lett på bilda hans. Han synast og det er viktig å ta bilder av krigssituasjoner og hungersnød, slik at fleire mennesker får veta om den situasjonen. Han pleide og å ta bilder med Kodachrome, noko som var veldig populært før, og har til og med laga eit eige album tilegna Kodachrome.

I dei fleste av bildane hans, når det er personer der, får han veldig godt fram augene. Han klarar og å få det til å sjå ut som at menneska ikkje er oppstilt på nokon som helst måte, sjølv om dei kanskje er det. Han var viktig i dokumenteringa av 9/11, og korleis det såg ut når dei var rasert. 

mandag 20. februar 2012



Kva er reportasje fotografi?

Ein reportasje er fakta om noko som har skjedd eller heller på å skje. Reportasjefotografi blir brukt i reportasjar for å gjere det meir interessant, og for å gje eit bilete av det som reportasjen handlar om.
Bilder av kvinner og menn som gråter etter døden til Kim Jong-Il. Reportasje
Bilde tatt idet flya kjørte inn i tvillingtårna. Reportasje

Kva er dokumentasjon?

Å dokumentere betyr eigentleg å leggje fram bevis. Det blir brukt til fakta, og for å  bevise at noko har skjedd. Eksempel på dokumentasjon er foto av kriminelle (mug shot), passbilde, eller bilder av mennesker som har det vondt. Dokumentasjon er bevis på at noko skjer, eller har skjedd, og blir brukt ofte for å lage blest rundt noko som ikkje så mykje omdiskutert. 


Bilde tatt av Steve McCurry, av ei dame som jobber med ein risåker i Asia. Ein dokumentasjon.
Bilde tatt av Steve McCurry, der mennesker kjem tilbakast etter innhøstning i Kashmir.

Kva er kunstuttrykk?

Med kunstuttrykk er det å bruke fotografi for å lage eit bestemt uttrykk, ved å bruke bildar. I likhet med vanleg kunst, kan kunstbilete være av kva søren det måtte passe deg, enten det er ein stein med ein elg oppå, eller Donald Duck som hopper på ein trampoline.  Bildet kan manipulerast med photoshop, utan at det er til noko skade for kunsten.

 Jimi Hendrix portrett laga av ein gammal kasett.

Portrett av Al Pacino, laga med salt.



søndag 19. februar 2012

Warhol Sjølvportrett




Andy Warhol, ein ledande figur i kunstformen ''Pop-art''. Han er rekna som ein av dei få som endra kunsten radikalt, forige århundre. Dette klarte han med bl.a Campbell's Tomato soup: << http://goo.gl/Sg8gf >> og biletet ovanfor, som er av Marilyn Monroe, som også var betydelig for sin rolle det 20. århundret. Me fekk i oppgåve å kopiere dette fantastiske biletet, og her er produktet:
Eg brukte i stor grad treshold, og laga forskjellige layers slik at eg fekk biletet slik eg ville ha da. Viss eg hadde tatt treshold på biletet heilskapeleg, ville detaljar som eg ville ha med blitt borte vekk.

Eg synast at det ligner ganske mykje, sjølv om den geniale og kontroversielle Andy Warhol har fått med fleire detaljar enn eg har fått med, desverre. Likevel, er eg forøgd med bilete.