Head'a

Head'a

mandag 20. februar 2012



Kva er reportasje fotografi?

Ein reportasje er fakta om noko som har skjedd eller heller på å skje. Reportasjefotografi blir brukt i reportasjar for å gjere det meir interessant, og for å gje eit bilete av det som reportasjen handlar om.
Bilder av kvinner og menn som gråter etter døden til Kim Jong-Il. Reportasje
Bilde tatt idet flya kjørte inn i tvillingtårna. Reportasje

Kva er dokumentasjon?

Å dokumentere betyr eigentleg å leggje fram bevis. Det blir brukt til fakta, og for å  bevise at noko har skjedd. Eksempel på dokumentasjon er foto av kriminelle (mug shot), passbilde, eller bilder av mennesker som har det vondt. Dokumentasjon er bevis på at noko skjer, eller har skjedd, og blir brukt ofte for å lage blest rundt noko som ikkje så mykje omdiskutert. 


Bilde tatt av Steve McCurry, av ei dame som jobber med ein risåker i Asia. Ein dokumentasjon.
Bilde tatt av Steve McCurry, der mennesker kjem tilbakast etter innhøstning i Kashmir.

Kva er kunstuttrykk?

Med kunstuttrykk er det å bruke fotografi for å lage eit bestemt uttrykk, ved å bruke bildar. I likhet med vanleg kunst, kan kunstbilete være av kva søren det måtte passe deg, enten det er ein stein med ein elg oppå, eller Donald Duck som hopper på ein trampoline.  Bildet kan manipulerast med photoshop, utan at det er til noko skade for kunsten.

 Jimi Hendrix portrett laga av ein gammal kasett.

Portrett av Al Pacino, laga med salt.



søndag 19. februar 2012

Warhol Sjølvportrett




Andy Warhol, ein ledande figur i kunstformen ''Pop-art''. Han er rekna som ein av dei få som endra kunsten radikalt, forige århundre. Dette klarte han med bl.a Campbell's Tomato soup: << http://goo.gl/Sg8gf >> og biletet ovanfor, som er av Marilyn Monroe, som også var betydelig for sin rolle det 20. århundret. Me fekk i oppgåve å kopiere dette fantastiske biletet, og her er produktet:
Eg brukte i stor grad treshold, og laga forskjellige layers slik at eg fekk biletet slik eg ville ha da. Viss eg hadde tatt treshold på biletet heilskapeleg, ville detaljar som eg ville ha med blitt borte vekk.

Eg synast at det ligner ganske mykje, sjølv om den geniale og kontroversielle Andy Warhol har fått med fleire detaljar enn eg har fått med, desverre. Likevel, er eg forøgd med bilete.

tirsdag 17. januar 2012

Appropiasjons bilete

I trykk og foto klassen, fekk me eit appropiasjons oppgåve. Me skulle ta eit kunstverk, og gjenlaga da på den måten me sjølv ville.
Eg valde American Gothic, som er eit bilete laga av den Amerikanske Grant Wood. Dette bildet er eit av dei mest parodierte verka i Amerikansk kunst, frå 1900-tallet.














Eg tok to forskjellige bilete. Eit som var av Sverre og Mathias, der dei poserte som dama og mannen hennar, som på bildet American Gothic. Eg tok etterpå eit anna bilete av eit gamalt hus som ligna mest mogleg på huset i American Gothic. Så klippte eg og limte, endra fargane på biletet slik at det blei meir gammaldags, og så ordna eg eit fint damehår og viker til Sverre guten.

Fun Fact: Damehåret til Mathias stammer frå håret til dama på original bilete.

tirsdag 13. desember 2011

Blender og lukkertid; PART 2

Bilete av meg, full portrett med stor blender

Bilete med lang lukkertid. Noko som beveger seg, mens bakgrunnen står i ro.

Bilete i full portrett med lav blender. Har rediger på fargane, først berre fordi eg kunne, men bestemte meg for å ha det sånn sidan det var litt stilig.

Portrett med lav blender av Karoline.


Redigert bilete av Mathias, der eg frys ein bevegelse.
Originalbilete av Mathias.
Mathias med stor blenderåpning i snøstorm mens han et ein mandarinbåt.


søndag 27. november 2011

God jul til dykk alle saman!

Håpar at dykk får både inspirasjon og glede når bildet møter ditt blikk.

Når eg tenkjer jul, så tenkjer eg kulde og julenissen.