Head'a

Head'a

tirsdag 13. desember 2011

Blender og lukkertid; PART 2

Bilete av meg, full portrett med stor blender

Bilete med lang lukkertid. Noko som beveger seg, mens bakgrunnen står i ro.

Bilete i full portrett med lav blender. Har rediger på fargane, først berre fordi eg kunne, men bestemte meg for å ha det sånn sidan det var litt stilig.

Portrett med lav blender av Karoline.


Redigert bilete av Mathias, der eg frys ein bevegelse.
Originalbilete av Mathias.
Mathias med stor blenderåpning i snøstorm mens han et ein mandarinbåt.


søndag 27. november 2011

God jul til dykk alle saman!

Håpar at dykk får både inspirasjon og glede når bildet møter ditt blikk.

Når eg tenkjer jul, så tenkjer eg kulde og julenissen.

mandag 24. oktober 2011

Surrealistisk sjølvportrett

Original bilde 1:

Original bilde 2:

Brukte nokon av dei morosame effekta på denne sida:
Litt nærmare bestemt brukte eg tutorial og brushes frå denne sida, som var innanfor sida oppanfor. Sideception.

Da eg gjorde var å ta to bilder av meg sjølv, klippa ut armane, og kopiera dei inn på forskjellige delar av kroppen min. For å gjere det litt meir mystisk og ''guddommeleg'', så gjorde eg det sånn at eg flaug oppå ein sky. Etterpå tok eg på meir brightness og contrast, og slengte på nokre lens flare på kulane.

onsdag 5. oktober 2011

Iso 200, 45 mm f/5,6 1/100 sek.
Økt vibrance, temp og saturation

 Iso 400, 50 mm f/5,6 1/500 sek.
Økt saturation, vibrance, blacks, recovery og fill lights.

Iso 200, 18 mm f/4,6 1/100 sek.
Litt større vignette på biletet, og endra fargen med temperature.

Iso 200, 32 mm f/5,6 1/100 sek.
Mørk vignette, med ekstra gjennomsiktig lys som endrer fargen på paraplyen

 Iso 200, 18 mm f/5,6 1/100 sek.
Økt blacks, recovery, fill lights, og lagt enda meir fokus på paraplyen


Iso 200, 18 mm f/5,6 1/100 sek.
Lavare brightness og meir kontrast på fossen, for å gjere det klarare


mandag 29. august 2011

Blender, lukkertid og andre ymse fancy kameraeigenskaper

Høg Blender
Kva er dette blenderet som mange i vår tid pratar om? Nei, det er ikkje der du blandar dine yndlingsfrukter i ein forrykende voldeleg maskin for å lage ein delikat smoothie, nei, dette handler om ein kamerainstilling. Ein blender er lett og kort forklart. Det er rett og slett det ein bruker for å velje kor mykje lys du vil at kamera skal sleppja inn i linsa.




Men sidan me allereie er innanfor det mystiske emnet kamera, så kan me vel gå innanfor dei andre skjulte elementa som kameraet held hemmeleg. Lukkertid. Nei, det er ikkje ei tid som fortel kortid din nærmaste matvarebutikk stengjer, dette er også ein kameraeigenskap. Ein lukker, som det er kalla, bestemmer kor mykje lys som skal passerer i eit fotokamera gjennom eit begrensa tidsrom. Det foregår ein såkalla eksponering i perioden lukkaren er open, ved at lyset sleppast inn oppfattast av ein lysfølsom film eller digital bildebrikke.

Dette er mykje informasjon å ta inn, det forstår eg, men hald deg vanken, det beste har eg spara til sist. Eg kan tenkje meg du undrar hardt og godt om kva denne fasinerande siste kameraeigenskapen er, kva det er som eg har snakka så fint og godt om. Vel nå kjem det, eit av dei største fenomena som har ramma menneskets historie, større ein Gandhi, større ein Ghenkhis Khans erobring av Asia, større ein Alexander den Store. Dybdeskarphet. Eit vidunderleg konsept. Dette er eit begrep som brukast innanfor fotografi for å angi kor skarpt eit bilde tar seg ut foran og bak fokuseringsplanet i eit motiv.
Dybdeskarpheten avhenger av tre forhold;

Lav blender, liten dybdeskarphet
Avstanden til motivet: Ved nærfotografering har man generelt liten dybdeskarphet, mens når ein fokuserer på fjerne motiver, så ser alt skarpt ut.

Objektivets brennvidde: Fotografering med vidvinkelobjekter gjer stor dybdeskarphet, mens teleobjektiver kun avbilder det fokuserte hovudmotivet skarpt og gjer uskarpt for- og bakgrunn.

Blenderåpningen: Liten blenderåpning gjer stor dybdeskarphet, mens stor blenderåpning gjer mindre.