Head'a

Head'a

mandag 29. august 2011

Blender, lukkertid og andre ymse fancy kameraeigenskaper

Høg Blender
Kva er dette blenderet som mange i vår tid pratar om? Nei, det er ikkje der du blandar dine yndlingsfrukter i ein forrykende voldeleg maskin for å lage ein delikat smoothie, nei, dette handler om ein kamerainstilling. Ein blender er lett og kort forklart. Det er rett og slett det ein bruker for å velje kor mykje lys du vil at kamera skal sleppja inn i linsa.




Men sidan me allereie er innanfor det mystiske emnet kamera, så kan me vel gå innanfor dei andre skjulte elementa som kameraet held hemmeleg. Lukkertid. Nei, det er ikkje ei tid som fortel kortid din nærmaste matvarebutikk stengjer, dette er også ein kameraeigenskap. Ein lukker, som det er kalla, bestemmer kor mykje lys som skal passerer i eit fotokamera gjennom eit begrensa tidsrom. Det foregår ein såkalla eksponering i perioden lukkaren er open, ved at lyset sleppast inn oppfattast av ein lysfølsom film eller digital bildebrikke.

Dette er mykje informasjon å ta inn, det forstår eg, men hald deg vanken, det beste har eg spara til sist. Eg kan tenkje meg du undrar hardt og godt om kva denne fasinerande siste kameraeigenskapen er, kva det er som eg har snakka så fint og godt om. Vel nå kjem det, eit av dei største fenomena som har ramma menneskets historie, større ein Gandhi, større ein Ghenkhis Khans erobring av Asia, større ein Alexander den Store. Dybdeskarphet. Eit vidunderleg konsept. Dette er eit begrep som brukast innanfor fotografi for å angi kor skarpt eit bilde tar seg ut foran og bak fokuseringsplanet i eit motiv.
Dybdeskarpheten avhenger av tre forhold;

Lav blender, liten dybdeskarphet
Avstanden til motivet: Ved nærfotografering har man generelt liten dybdeskarphet, mens når ein fokuserer på fjerne motiver, så ser alt skarpt ut.

Objektivets brennvidde: Fotografering med vidvinkelobjekter gjer stor dybdeskarphet, mens teleobjektiver kun avbilder det fokuserte hovudmotivet skarpt og gjer uskarpt for- og bakgrunn.

Blenderåpningen: Liten blenderåpning gjer stor dybdeskarphet, mens stor blenderåpning gjer mindre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar